‘A lille land’ – nokre observasjonar

Den fundamentale forskjellen mellom norsk, svensk og finsk mentalitet på den eine sida og dansk på den andre. I eit nøtteskal…

Tre veker i Danmark denne sommaren, og ein kan ikkje unngå å fundere litt rundt nokre observasjonar:

Gitt kor mykje sol dei tiltrekk seg der nede, for eksempel, er det overaskande kaldt i vatnet. Og nei, då snakkar eg ikkje om vestkysten, men om Vejlefjorden. Jauda, eg bada for det, vestlending som eg er. Men van til ytre Oslofjord hadde eg trudd temperaturane ville vere omtrent slik, godt over 20 når sola har skine godt. Er det ikkje grunt der og alt? Jaja, dei må får ordne seg som dei vil…

Ultimat danskheit vise rseg elles gjerne i trekløveret bindingsverk, halmtak og stokkroser. Med små flaskebotnsruter i vindauga. Godt og tradisjonelt. Men like ultradansk synest husa som ligg imellom, designa med store, kvite, ubrotne flater, enorme vindauge og absolutt innsyn. Ikkje ei koppetvåge bør ligge ute av posisjon…

Og mentaliteten er temmeleg forskjellig. Om Noreg er Nordens mañana-land (og mottar mañana-flyktningar frå resten av Norden), så er Danmark Nordens whatever-land. Nær-nok-land. Kan-det-vere-så-nøye-då-land. Eksemplifisert i biletet over. Nordkvinna i meg slår handa sjokkert over hakesleppmunnen og skjelv i knea. Ikkje for at vi SÅG ein einaste bil der, altså, men prinsippet…

Om vi er aldri så glade i familiane våre og våre vanlege feriemål, så må det og seiast å ha vore veldig deilig å tilbringe trio heile veker til ende (nesten) på ein einaste stad. Stor takk til dei sju som kom ned for å tilbringe tid med oss! Det var høgt verdsett!

Kva vi fekk gjort? Kjapplista er som følgjer: Legoland, strand, Trelde Næs, basseng, Løveparken, basseng, Legoland, Trelde Næs, basseng, strand, Legoland, Miniby, Madsbyparken, basseng, strand, Økolarium og avslutningsvis laaang strandvandring. Vi har vandra i Vejle, tælla på vollane rundt Fredericia (gamleby) og shoppa i Middelfart. Og ein del andre stadar. Så sånn blei det. Ingen lang dagstur denne gongen, men vi skal høgst truleg tilbake ein gong. Og noke må vi jo ha å ta oss til då og 🙂

Og her kan du jo klikke for å sjå nokre glimt frå ferien. Berre skroll nedover sida, det er litt mange bilde for lysbildeshow 😉

Tillegg (sidan nokon lurte på det): bilda ligg IKKJE ope tilgjengeleg og fritt søkbart, dei er kun tilgjengelege gjennom denne lenken!

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *