Terrible Twos, Fat Fours og når er det eigentleg flo på Finse?

Ein av mine absolutte yndlingsforfattarar er, surprise, surprise, utdanna biolog. Kingsolver sine fantastisk komplekse og utfordrande romanar krinsar ofte rundt tema som møte mellom natur og kultur. I tillegg skriv ho om møte mellom ulike kulturar: urfolk og nykomarar, aust og vest, by og land, akademikar og lågt utdanna. Som ho uttrykkjer det sjølv i essayet The spaces between:

– I want to know, and to write, about places where disparate points of view rub together in the spaces between. Not just between man and woman but also between North and South; white and non-white; communal and individual; spiritual and carnal.

I boka Prodigal Summer er for eksempel ein av hovudpersonane israelsk-palestinsk, men bakgrunnen ser ut til å valde henne vesentleg færre problem enn det å flytte frå eit urbant universitetsmiljø i Lexington, Kentucky (urbant sett ikkje heilt på høgd med NYC, prestisjemessig ikkje just ‘ivy league’), til mannens gard i Appalachia.

The Poisonwood Bible handlar om kulturimperialistiske misjonærar i Kongo (-Zaire-Kongo, vi følgjer ei familie frå femtiåtte til slutten av nittiåra). Pigs in Heaven, på si side, handlar om adopsjon på tvers av kulturgrenser, korleis kan ein ta vare på pressa kulturar?

Mine oppsummeringar av kva romanane handlar om, ville ho nok mislikt intenst. Sjølv unngår ho så langt ho kan slike samandrag. I tillegg til romanar, dikt og ei novellesamling har Barbara Kingsolver skrive essay over ei årrekkje, og har samla dei (i omskrivne utgåver) i High Tide in Tucson (1995). San Fransisco Cronicle omtalar boka som ‘delightful, challenging and wonderfully informative’, eg kunne ikkje vere meir einig. I tillegg til tema som korleis østers i Illinois og blindpassasjer-eremittkreps i Tucson muligens stiller inn sine biologiske klokker etter lokal flotid (tittelessayet) på stadar med påfallande lite vatn, tar ho for seg familiestruktur (kva er ‘naturleg’), amerikansk imperialisme, traumet ved å vere avhengig av arva tøy og korleis barn formar seg etter kva vi ventar av dei.

I Civil Disobedience at Breakfast er trassalder tema. I USA omtalast trassalderen som ‘Terrible Twos’. Men pussig nok, når ho snakkar med spansk-språklege vener, så finst det ikkje noko begrep som tilsvarar Terrible Twos (eller trassalder) i spansk, seier dei. Muligens er spanske, eller i alle fall spanskspråklege barn mindre trassige. Alternativt er opplevinga av ein trassalder eit resultat av kva ein ventar seg og korleis ein no vel å beskrive det. Om vi no hadde venta på dei ‘feite fire’, ville ikkje då barn ha begynt å legge på seg sånn ved fireårsalder? Ville vi ikkje tolka alle vektendringar på dette tidspunktes som opptrapping til ‘feite-alderen’??

Etter å ha tenkt ein smule fram fram og tilbake på det, vel Kingsolver å beskrive det som skjer med toåringane som markering av uavhengigheit. Sjølv må eg tilstå at min høgt elska son i grunnen aldri kom til trassalderen. Det vil seie, frustrert uavhengigheit starta han å markere fem-seks månader gamal. Frustrasjonen antok eg skuldast hans manglande evne til å utføre det han hadde bestemt seg for. Viljen hans er elles sterkare enn hos noko anna barn eg har møtt, noko som tidvis gjer det meir enn litt vanskeleg å markere grenser. Men eg kan slett ikkje seie at markering av uavhengigheit har vore noko anna enn ein gradvis prosess. Ei heller opplevde vi særleg mange raserianfall. Min sons viljestyrke er vanlegvis av det nøye planlagde, langsomt arbeidande slaget: jamnt, seigt trykk over lang, lang tid, slik at eg til slutt sluttar å registrere det som press og gir etter utan ein gong å registrere det.

Tilsvarande har eg høyrt at tenåra, det er når foreldra blir så vanskelege. Og det er noko i det. Ting som tidlegare var temmeleg ukomplisert (overnattingsbesøk, festar, utetid) blir plutseleg mykje, mykje vanskelegare. Foreldre som tidlegare stolte heilt og fullt på sine håpefulle, blir plutseleg svært mistenksame. Nokon har kanskje grunn til det, og andre får grunn til det: Blir ein mistenkt for ein forbrytelse, kan ein i det minste få med seg gevinsten av å ha utført brotsverket. Og her er vi vel ved ei ny markering av uavhengigheit. Sjølv er eg heilt overtydd om at mange foreldre ser sine barn som ei forlenging av seg sjølv, og ein eller annan gong når barna er på veg inn i ungdomsskulen oppdagar dei til sin skrekk at ungane har heilt andre tankar, verdiar, idear og planar enn dei sjølve. Kvar kjem det frå, alt saman? Vel, akkurat kvar, veit eg jo ikkje, då, men eg er i det minste overtydd om at det kjem gradvis. Eg trur definitivt det kan lønne seg å følge godt med heile vegen…..

3 thoughts on “Terrible Twos, Fat Fours og når er det eigentleg flo på Finse?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *