m&h

Framleis sommarmodus

I facebook-oppdateringa mi i dag nemnte eg at eg akta å strekke sommardagen til det ytterste. Det synest eg verkeleg eg har gjort. Gåing, soling, grilling, bading, alt har verkeleg vore sommarsyslar. Berre tenk, å kunne svømme fram og tilbake i ein nydeleg, augustklar bukt, vatnet grønt under (inrømmelsesvis ikkje så veldig) sommarbrune armar. I […]

m&h

Teltliv

I fjor på desse tider var vi saman med svigers på Nord-Koster (sjå også ‘To the lighthouse‘. Vi hadde ei usedvanleg deilig og avslappande veke, ikkje minst om ein tenkjer på at vi til ei kvar tid var sju menneske om bord (to nieser delte på å vere med, det blir ca 4 fot per […]

m&h

Skjergardshavarisme…

Eg hadde tenkt å skrive om noko heilt anna. Eg hadde tenkt å skrive om skjergardsferie, om teltliv, om duftande roser og kaprifol, om mitt etter kvart tynnslitte forhold til både YR og yr samt forholdet til luftmadrassar som er i stadig bedring. Men brått var det liksom noko som pressa seg fremst. Skjergardsidyll og […]

m&h

Å tanke opp på hav….

Når eg er på Sunnmøre, passar eg alltid på å få meg meg minst ein av mine tre favorittstadar: Flø (sjå og banneret over, bildet er tatt frå Flø) Runde (øya på banneret over) eller Mulevika på Nerlandsøya (den store bukta rett vest av Kvalsvika). Det er mykje godt å seie om Hordaland, der finst […]

m&h

Barn og dyr

Dyr er godt for barn. Det trur eg, men det er det ikkje så lett å praktisere i bynære omgjevnader. Heime har vi berre ein skarve hamster, og til alt overmål ein som kan vere litt grinete, eller kanskje berre litt nærsynt? Faktum er at han har bitt i alle fall tre stykke, men det […]