m&h

Fagre Sunnmøre

Kva passar vel betre, når nettopp har vore på ein vinterferie på Sunnmøre, enn å lenke til store deler av, nettopp, det fagre Sunnmøre? Berre så synd det ikkje går an felle inn desse panoramaene i bloggen… Vel, lenker får duge! For ei stund sidan kom eg over ein nettstad med eit utal utkikkspunkt på […]

m&h

Vegen til vitskapen….

… er sjeldan så rett og direkte som studierettleiarar og lånekassa vil ha deg til å tru. Kvar forskar har sin veg inn, innsåg marinbiolog Kevin Zelnio. Han fortel si historie på bloggen Deep Sea News (lesverdig og tildels hjarteskjærande), og tok i bruk #IamScience på Twitter for å oppfordre andre til å beskrive vegen. […]

m&h

Djupt og mørkt

Kaldt og mørkt og lite sol, soleis er det fram mot jol, og forsåvidt også resten av året der nede i djuphavet. Fullt av underlege dyr er det, fleire av dei veit eg sanneleg ikkje kva er ein gong. Rart eg valde å studere marinbiologi?

m&h

Ein roman om å lese

Har akkurat klappa igjen ei bok om å lese. Og det tenkte eg eg skulle skrive nokre ord om. Boka eg har lese er Jan Kjærstad si siste: Normans Område, utkomen i år.  Ein smule skummelt er det å skulle blogge om ein roman med ein hovudperson som sukkar over bokbloggarar (og twitrarar), ikkje minst […]

m&h

Inderleg vakkert

Denne fann eg på Deep Blue Home, og den var så flott at eg ikkje klarte å nøye meg med å poste den på Facebook. Må ha den her så eg kan gå tilbake og sjå! Red Tide Surfing San Diego 2011 Bioluminescence from Loghan Call on Vimeo.