Bokbloggen presenterer i dag 69-testen. Eit godt alternativ til å døme boka etter omslaget (tilstår å ha gjort det ved fleire høve, har ein muligens patologisk forkjærleik for biblioteksgranitol og biletside inni). Men altså, det finst gode alternativ. Også til å lese første side og sjå om det fengjer. Ein kan i staden gå til side 69, sjekke korleis det står til der, og sjå om dette stemmer med krav og ønskje.
Dette måtte eg teste på ein av mine absolutte favorittar: Sommarboken. Allereie her kan ein sjå at dette er boka om dei store tema: Livet (Her: Skuffelsar, og dessutan det faktum at Mappe er liten, men veks opp til eit individ med eigne idear), havet (Indikert, Mappe er ein fiskarkatt) og kjærleiken (‘Man fortsätter att elska, svarade Sophia hotfullt. Man älskar värre och värre’). Slik skal det låte, Sophia! Rekn med ytterlegare testing framover
På verdas bokdag skulle eg ønske eg hadde orka å blogge ferdig om ei av bøkene eg har lese etter jul – Syngja. Men akk, så langt rekk ikkje kreftene i dag. I staden blir det ein kjapp klippe-og-klistrepost, sidan eg akkurat no snubla over Babels kanon – kva for svenske bøker bør alle ha lest? Her er det massevis å ta av, eg kjem ikkje til å sleppe opp for lesestoff med det første. Sjekk sjølv!
Under er bøkene eg alt kan krysse av på lista. Mange las eg alt som barn/ungdom, endå nokre då eg gjekk på folkehøgskule (Tollare, utanfor Stockholm). Sidan den tid les eg aller helst svenske bøker på svensk. Og her har vi jo ikkje ein gong med dei finslandssvenske!
Kva har du lese?
(Eg legg forresten til andre bøker – utanom foreslått kanon – eg har lese av same forfattar)
Ett öga rött – Jonas Hassen Khemiri (Og Montecore)
Bröderna Lejonhjärta – Astrid Lindgren
Pippi Långstrump – Astrid Lindgren (og det meste andre dama har skrive!)
Gösta Berlings saga – Selma Lagerlöf
Röde Orm – Frans G Bengtsson
Glasblåsarens barn – Maria Gripe (Og Tordivelen, Skygge-trilogien, Fjerde etasje med heis, Agnes Cecilia, Fredrika, hvem er hun, burde ikkje nokonav desse vere på lista?)
Moving to a new country inevitably leads to some culture clashes. Some surprising, some less so. Sometimes, differences are so small and suble that it is difficult to see that signals are interpreted differently from intended. Sometimes, one is being told
Which parts of me did NOT blend easlily into a studenty environment in the US in the nineties? Well, irony, for one. Not that people didn’t understand or use irony (Reality Bites, anyone?), but I was told in very explicit terms that people found it hard that I was switching between being sincere and being ironic, and had difficulty making out exactly when I was being what. So I pretty much abandoned irony (or cut back heavily, anyway), and haven’t really regretted it.
Hiking was another issue: going for a hike was surrounded by a whole ‘nother set of values than what I was used to, kind of like a sneak peek into today’s Norwegian self-realization culture: focus on exercise and getting it done, rather than stopping to smell the flowes (or look for weird new ones on your way).
And lastly, the way I dressed, especially (!?!) my choice of colours!
So, a couple of decades back, I found myself in bluegrass country (or bubblewrap, depending on your perspective and prior experience). I was on my way to a reception (some Fulbright thing, or international students, or visiting researchers, if I am not mistaken). I had dressed up from my daily lab/field/office attire, best described as ‘relaxed ecologist’, you know, washed out jeans or khaki shorts, washed out T-shirt, Tevas (remember them?) or possibly some Birkenstock clone. And having dressed up, I was confronted with this remark from one of my lab-mates: ‘There she goes, wearing black again’.
Oh, come on! That sweather is practically white! Plus, I’m wearing grey fat socks! Notice the Kentucky River in the background, and how I’m savouring the last piece of a Norwegian chocolate..
I was reminded of this episode yesterday, as one of my American friends described my outfits back then as ‘brilliantly [colour, allthough she didn't specify] coordinated, i.e. black’….
I thought it incredibly unfair! In my mind I was wearing anything but, – a charcoal (not even a dark one) lambs wool sweather and a short plaid wool skirt, in soft red and soft moss green. Oh, and I assume with black tights and black Dr Martens, since I didn’t have much to choose from. But there you are! If you’re European, and this is the mid nineties, every colour you wear is black, regardless of your own perception. Obviously, my charcoal sweathers were black. My bottle green fleece – black. And most suprisingly to me: my lumberjackish flannel shirt, red & grey (again plaid), was described as ‘definitely black’! How could one win?
I admittedly arrived in the US, with two pairs of black jeans, a black dress, and a nice dress-up black jacket. But the rest of my wardrobe was – well – other colours. My summer wardrobe mostly white/tan/pale green/linen, and I quickly bought new garments, like blue jeans, pale green chinoes, blue tees, rust coloured shirt & skirt. Nonetheless, my wardrobe reimained, by American standards, pretty much jet black.
OKOK, that’s black, but look, I’m wearing very red lipstick!
I kept wondering, and looked around. People were, in my perception, wearing pale, pale, pale blue, pale pale pale pink, pale, pale, pale purple. And blue jeans. Quite nice – on them – but whenever I went for colours, I went for saturated ones. I concluded that Americans perceived every saturated colour as black.
Now, one reason I perceived my own wardrobe at that time as positively colourful,was that up untill months before, my wardrobe had indeed BEEN black. As in jet black. Nothing I ever decided on. It just happened. Partly because black was allways available. Partly because it was practical (yes, one never really had to worry about colour coordination). And partly because, well, I had recently lost a friend and all other colours seemed – loud. All too cheerful. All too bright. I do understand why black often symbolizes mourning.
And maybe, just maybe I went through a borderline closet-goth stage, like any good European. Who knows. I loved Tim Burton movies and Dead Man, but my taste in music allways went more towards blue than to anything black. Either way, I had recently began to add more colour, and saw myself as colourful. Not least as my black scarf, which I wore with my long, black dress and my black jacket, it actually had RED & PURPLE flowers and GREEN leaves on it.
Now, going there for interviews, monts before moving there, I might have hurt my case, since that happened when I was still wearing – well – black. So, in short, my identity was sealed. I was forever that European, allways wearing black.
Still wearing black – sort of…
Oh, and incidentally, today I’m all dressed in black. In case you wondered. But I did go out shopping, buying a pale blue dress and matching pale blue shoes. Probably in a (futile) attempt to escape stereotyping
Minsta skulle legge seg på nytt rom i kveld. Om det var spenninga i det, klokkeskruinga eller jetlag frå påskeferien som gjorde det, så var det uansett ikkje så greitt å få sove. Då har vi funne ut at det hjelper å få legge hovudet i fanget mitt, så kan eg synge til ho somnar. I kveld sleit eg med å kome på kva eg skulle synge, så eg forsøkte meg på den frå Hakkebakkeskogen, den med ‘Jeg synge vil en vise, alt om en revefyr’, men fekk kjapt beskjed om at det måtte vere ein godnattsong. Eg blei verande i Hakkebakkeskogen, for ‘So ro’ pleier å funke, men nei. ‘Du kan godt synge noe fra da du var liten, mamma.’ Og dermed var det å synge seg gjennom registeret, frå ‘Sov i ro, no godnatt’, som farmor brukte synge, via ‘Den fyrste song’, ‘Fager kveldssol’, ‘Dagsens auga’ og ‘Gamle grendi’ (Rasofiel Rise-versjonen, fritt etter minnet), til ‘Kvitrende lerke’, ‘Over de høie fjelle’ og ‘Dansen på Rusakulla’, som min bestefar brukte å synge. Noko form for rettferd klarer eg ikkje å yte desse visene, men eg er faktisk oppriktig glad i dei. Ikkje akkurat godnattviser, alle, men melankolien heng tungt og sømndyssande. Godt og velprøvd. Har virka før, har virka på eldstemann og. Og minsta, ho somna frå all melankolien
Er framleis sur på Google, som tar bort Reader. Det får ein jo til å tenke på andre tenester, som kan bli tatt bort eller forandra til det ugjenkjennelege. For eksempel var eg veldig glad i Picasa, men Google lar meg ikkje lenger gå til det gamle grensesnittet. Og i det nye, prøvar Google stadig å presse meg til å dele bilda på Google+. Valet om å dele kun med dei som har lenken, er ikkje lenger lett for handa. Ikkje usannsynleg eg går for ei ny billedteneste om ikkje altfor lenge.
Og Google Disk? Har funne ut at Evernote stort sett er smartare, smidigare og raskare. Stadig snedige funksjonar å oppdage. Eksempelvis er det veldig lett å legge bilde rett inn i notat, anten ein gjer det frå album, eller tar eit nytt bilde når ein står i notatet. På konferansar og seminar er det kjempegreitt å ta bilde av eit lerret med ein powerpoint, eller ei fullskriva tavle. Eller eg kan ta bilde av ei side i ei kokebok når eg er på besøk hos nokon, og putte det rett i sky-kokeboka mi. Men det aller snedigaste, det er at Evernote køyrer automatisk tekstgjenkjenning (OCR) på bilda mine. Berre sjå: når eg søker etter avocado, til venstre i bildet, så finn den rett notat og merkar av kvar på bildet ordet avocado opptrer! Heilt strålande!
Up untill now, indulgence has – to me – pretty much meant chocolate. In various forms. Dark, tempting, amazing. Chocolate melted into brownies. Chocolate chips melted into chocolate chip cookies. Into wonderous cakes with steaming, melted midsections. Oh, there are other gastronomic indulgences as well. Not to mention shopping. But my funds have been limited, and chocolate allways near at hand. Allways scalable to funds. And the healing powers – oh – just think about Harry Potter and the dementors. I say no more.
Nonetheless, I’ve decided 2013 is the time for an entirely different indulgence. To do something else for myself. Having accumulated excessive chocolate over years, I’ve grown tired of carrying it around. Tired of back pains, growing knee pains, cholesterol and blood sugar pushing safe limits. Now, I have tried to get rid of it before. A few times with reasonable success, but recently my body has seemed to respond to any attempts by just shutting down metabolism to basically nothing. So I decided I neeed help. I enrolled in a program.
So what have the results been? To this date, I’ve lost 10 kg (or some 22 lbs). My my arms are longer. I can wear my wedding band again. I’m somehow travelling back in time, through parts of my wardrobe I haven’t worn for ages, havent had the heart to toss. It’s easier to get my butt off the couch, go for long walks. I am planning a reunion with my estranged national constume, my ‘bunad‘.
Now, if I’ve gone this far, the bunad may have to do it’s share, widen just a bit. I’m not going to pretend I’m 15 again. I’m not sure exactly where I’ll end up. I’ll let that depend on the feel of it. Where I can comfortably stay, stabilize. Find a balance between intake and activity. However, I will continue a bit because:
1) I want to be below medically defined overweight
2) I know I’ll gain a couple of kilos by just going off the diet (rebuilding glucose storage, gaining more water)
3) I’d feel more comfortable having a little buffer.
So I’ll just keep moving along the same direction for a while.
Strangely, hardly anyone seem to have noticed. Or they don’t dare to say anything. Myself, I’m pretty smug about the state of things
Frida, ho med hjartet i handa, introduserte meg tidleg på nittitalet for eit omgrep. Simultankapasitet: Kor mykje ein kan ta hand om samtidig.
Men stor simultankapasitet syntest meg å forutsette at ein også takla å ikkje gjere alt like godt, at ein aksepterte at ein og annan ball blei fanga på skeiva, at ein og annan fall til jorda. I dag held det ikkje å ha stor simultankapasitet. Ein skal pinadø vere simultanperfeksjonist, og klare absolutt alt like perfekt. Eg har sett dette omtalt i dameblad som’addisjonisme’. Ein tar til seg alle uttalte og uuttalte krav, legg dei i hop og kjem så himmelstormande til kort. For kven kan klare alt på ein gong? Elisabeth på ‘Aldri Atteletslaus‘ skriv glimrande om det. Så glimrande at lenke til bloggen hennar i dag blei lagt på framsida av VG. Det beste synest eg er oppsummeringa hennar i denne kommentaren:
Eg synes faktisk at mange av desse tinga, kvar for seg, er viktige og høyrest riktige ut. Og dette er på ingen måte meint som harselering av alle oss mødre/kvinner som prøver alt vi kan. Poenget er at eg synest dagens mødre/kvinner forventar av seg sjølve at “greier du den, så greier du den og”. Og om vi knekk saman, eller noko dett av lasset, så anser vi oss sjølve for å vere meir eller mindre mislykka. Det handlar nok om at vi ønskjer å gjere vårt beste. (Kanskje er det nok eit utslag av flink pike-tankegongen. Og kanskje er det ikkje råd å endre det.) Men eg synest at vi sjølve, og samfunnet, til tider kan vere ganske hjarterå i vår vurdering av og forventning til oss sjølve og andre. Det er få ting som svir meir enn om du føler at du ikkje er god nok, som mor, kvinne eller menneske. Eg mislikar sterkt at vi brukar så mykje tid på å fortelle kvarandre at vi må “skjerpe oss”, “ta oss saman” etc. Spesielt når vi trur at det som er enkelt for oss er enkelt for andre. Faktum er at dei aller fleste kvinner og mødre her i landet er meir enn gode nok. Og kanskje hadde vi vore endå betre om vi gav oss sjølve rom til å vere som vi er, istaden for å sjå på oss sjølve som eit evig oppussingsobjekt. Eg synest vi knyttar veldig mykje av identiteten vår til kven vi potensielt kan bli, og i det ligg det ei grov nedvurdering av dei menneska vi faktisk er.
ElisabethFjørtoft, på Aldri Atteletslaus
Eg har forsøkt å skrive om dette før, i posten Om å kjenne seg sjølv på gangen Innimellom kjenner eg nemleg kraftig på det same som Elisabeth skriv om. Eg synest definitivt det kan vere vanskeleg å halde tritt. Fokuserer på områda eg kjem til kort, heller enn på dei eg meistrar.
Eg har sjølv hatt periodar med flekkvis perfeksjonisme (NB, ikkje perfeksjon, det er ei heilt anna sak). Område av livet der eg vil at ting skal vere på stell. Og andre område (og tider) då eg har vore passe laidback. Tenkt at pssssjt, det får då halde. Verst har eg hatt det når avstanden mellom krav og rammer har vore for stor. Hardt, for eksempel, å skulle skrive ferdig ei avhandling og vite at materialet er for å seie det forsiktig, ‘mangelfullt’. Noko på grunn av meg, noko på grunn av faktorar eg ikkje hadde den ringaste kontroll over. Då blir det å halde for auene medan ein skriv, og la det stå til. Om ein då ikkje vel å gi det opp.
Men mine meir perfeksjonistiske område har eg fått gi opp. Livet har rett og slett ikkje plass til denslags no, det har nok gått fram av tidlegare bloggpostar. Så kunne eg la perfeksjonismen slumre, og hente han fram att med høve. Og saka er: det håper, håper eg at eg kan klare å la vere. For kva kan ein lære av stort ansvar, store utfordringar, problem med å strekke til? Ein kan lære at nokre ting i livet er viktigare enn andre (helse, velvere, glede, å ta vare på kvarandre), og at ein får sette inn støtet på det viktigaste. -Og at om det kan vere til glede og inspirasjon å strekkje seg, sjå kor langt ein kan nå, kor bra ein kan få noko, så kan det likevel hende at ein kan ha mykje glede av å få til noko sånn akkurat heilt passe greitt.
Og utover det kan ein, som eg sa på Facebook før i dag, kanskje reindyrke seg sjølv som eit nisjeprodukt, sjå kvar det er ein er mest interessert i å yte, sjå kva det er viktigast å få gjort!
Når ein strabasiøs dag er over, treng eg å trekke pusten, finne noko fint å fokusere på og sleppe ned skuldrane eit par hakk. Har testa ut fleire nedroingsmetodar. Lesing er ein. Effektiv, om ein les noko behageleg, men det er farleg å ha ei engasjerande bok som berre får meg til å lese vidare. Musikk kan funke (nøye utvald), kaballegging også. Film/TV kan ofte bli litt heseblesande, litt for spennande innimellom. Ein dramaserie eller ein film er det dessutan veldig vanskeleg å stykke opp i passande 10-20 min porsjonar, som er det vi som regel har å bruke.
Då eg skulle legge minstemor i dag, hadde pappaen tatt fram bamsenattkjolen, og då kom eg på at eg hadde ein bloggpost påbegynt. Denne nattkjolen er det nemleg oldemor, Orlaug Marie, som har sydd.
Ein gong for lenge, lenge sidan, skulle eg reise og vere hos besteforeldra mine på Folkestad. Eg elska å reise dit, vere på garden, få lov til å fore kyrne, forsøke med på å tiple (handmjølke dei siste dropane), og å sitje framfor vedkomfyren og spørje farmor og farfar ut om koreis det var i gamle dagar. Aller, aller mest spennande var det dei gongane farmor kom og henta meg fordi ei ku heldt på å kalve. Det var andakt over det, stå der medan framføter og sidan eit lite hovud kom til syne, før heile den glatte kalvekroppen gjerne deisa i golvet. Sidan skulle dei få mat, råmjølk, frå fat. Det var ikkje lett for desse små , nyfødde, som sette hovudet oppover med ein gong dei smakte og lukta mjølk.
Denne gongen skulle eg altså reise åleine. Sikkert ein av dei første gongane. Eg skulle få reise med nokon vi kjende, og blei henta når vi kom fram. Men då farmor hjelpte meg å pakke ut, så var det ingen pysj der. Har du ingen nattkjole, ville farmor vite. Og det hadde eg faktisk aldri eigd, berre pysjamasar. Ingen av dei var med no.
Farmor visste råd med dette, som med alt mulig anna. Klart ungen måtte få ein nattkjole! Slik var ho, farmora mi. Ho henta fram symaskina, som vel var ei sveivemaskin, og leitte fram stoffbitar. Fin flanell, med små, blå bamsar på. Berre at desse flanellsstykka var omtrent i bleiestorleik, og ikkje så lett å få sydd ein kjole av. Utan mønster av noko slag sette farmor i gang, sydde ihop stykke til skjørtet, andre til berestykke, andre til erme. På eit blunk hadde ho laga denne nattkjolen, min aller første. Biletet yter ikkje handtverket rettferd, for kjolen er sant å seie solid slitt. Brukt av meg til det var umogeleg å lenger hevde at han passa. Sidan truleg av søstrene mine. Og ikkje hadde eg reparert løsna trykknappar heller, før eg tok bildet. Så det synest ikkje så godt at dette var nett og fint gjort.
No er det altså Mariemor som får bruke oldemorkjolen. Namnet har ho óg fått derfrå. Så denne kjolen er det ekstra stas med, ein kjole frå ei oldemor som døydde 11 år før Marie Orlaug var fødd.
Nei, eg har ikkje lest den motorsykkelboka, sjølv om eg nok gjer det ein dag, og muligens har samme tilnærming som forfattaren (iflg Wikipedia):
“it should in no way be associated with that great body of factual information relating to orthodox Zen Buddhist practice. It’s not very factual on motorcycles, either.” Den einaste assosiasjonen måtte vere eit lite hint av meditativ tilstand – som julefreden kan bringe.
I utgangspunktet kan det synest lite meditativt over julestria, og vanskeleg nok å få att pusten når ein først får fri. Eg har ikkje problem med å sjå kaffor mange slit med jula. Store forventingar det kan vere fullstendig umogeleg å innfri. Smerte og dysfunksjonalitet finn opne vegar ut. Men på eitt eller anna vis har eg alltid vore glad i jula, eg. Sitrar i granduft, endå vi har konvertert til furu. Kveikjer ljos, dei skin i absulutt kvar ei krå. Vil ha raudt rundt meg (om ikkje altfor mykje, vi har alt raudt på veggane). Blomar. Småkaker. Mahalia og ‘silent night’. Eg slit med tung november, kavar meg gjennom januar (trass bursdag og alt), men desember er det som får meg gjennom vinteren. Og når eg til sist, motvillig, må kaste jula ut, skundar eg meg med å fylle på mer fargerike tulipanar, klamrar meg til vona om vår.
Det er mykje som skal klaffe for at juleroa skal senke seg. Mykje ein ikkje har kontroll over, mange feil ein kan gjere sjølv der ein har kontroll. Då vi sette bu, mannen min og eg, valde vi tidleg å feire jul for oss sjølv. Foreldra våre, stressa og middelaldrande, sto midt i krevjande jobbar og kav og tunge verv. Til jul skulle skrekkeleg mykje gjerast på skrekkeleg kort tid. Og mannen min og eg, vi rømte frå kavet. Vi var studentar, hadde fri over jula, kunne roe ned. Sette ein lågare standard. Bakte eit par småkaker vi likte. Klarte oss med mindre overdådige bord. Mindre nedvask. Mindre pynt. Og fekk meir ro, meir tid. Hadde vener på besøk. Las bøker, gjekk på kino annandag, spelte Trivial Pursuit, gjekk lange turar.
No er det vi som er middeladrande, tidsklemte, vi som kavar. Våre foreldre har funne roa, har tid, stiller opp, hjelper til så langt dei kan (og innimellom litt lengre). Vi har – ikkje veldig stressande jobbar – men lite tid. Ekstra ansvar. Rekk ikkje over det vi gjerne skulle ønske, prøvar så godt vi kan å rekke over det ungane ventar, det som gjer at dei kan finne roa, kose seg. Prøvar å sette vår eigen standard og ikkje forhalde oss til julepolitiet sine retningslinjer. Vårt mål er å kose oss med jula, ikkje å få eit godkjentstempel i boka. Derfor heiar eg fram slike prinsipp som ei veldig kjær venninne har: Ho bakar – mange slag, fordi ho elskar å bake. Huskaninene (vi snakkar ikkje liten hybel her) får ligge i fred, for reingjering gir henne slett ikk je same glede. Men kanskje mange har det omvendt?
Vi her i huset har det som mi venninne, berre med færre slag. Sirupssnippar og kransekakestenger er det uansett berre eg som et, så det kjøper eg. Peparkaker blir årvisst bakt når mormor er på førjulsvisitt. Og så bakar eg gjerne eit slag eller to til. For kosen, ikkje noke anna. Julebrev blir det dei åra vi rekk det, vanlegvis anna- eller tredjekvart år. I år rakk vi dessutan å førjulskose oss med å klippe & flette korger. Populært tiltak.
Altså, så det er sagt, så er eg ingen ekspert på julefeiring. Det går år mellom kvar gong det klaffar. Men når det altså gjer det, så synest eg det er fint å sjå på kva som var i blandinga, kva som fekk det til å funke. Her er noko av det som gjorde denne jula så fin:
Ungane er større. Dette er såklart utanfor vår direkte kontroll, men meir meint som ein lovnad til dei med mindre barn – det BLIR lettare
Vi starta førebuingane tidleg. Eg meniar ti-iiidleg, som i ganske tidleg i oktober. Joa, eg pleide også å vere sånn som synest pynten og reklamene kom for tidleg i butikkane. Men let’s face it, pakkene må vere klare til sending, og dei to siste vekene før jul er køane likevel så altfor lange, eitkvart innkjøpt tar tre gongar så lang tid som vanleg.
Vi laga gåvelister. I år blei det mest bøker, og vi kjøpte inn etterkvart som ideane kom, eit par av gongen. Så blei kvar handletur overkomeleg, og vi slapp å stå i butikken og tenke. Hjernen min slår seg automatisk av etter etter ca 10 min på kjøpesenter… Slik sett hjelper jo også netthandel
Vi pynta gradvis. Pleide å vente med med alt til veslejulaftan, for verkeleg å få den magiske kjensla av at no, NO er det jul, men det blir berre for mykje å rekke over. Heller ta det gradvis.
Vi gjorde om køyreplanen på julaftan. Trettenåringen sukka eit par gonger før jul. Eine gongen ønskte han at hovudretten julaftan skulle vere graut, som han er veldig glad i. Andre gongen ønskte han at den store julemiddagen kom etter gåvene, så han hadde ro på seg til å spise uvan julemat. Og veslesøster synest uansett det var slitsomt lenge å vente på gåvene. Vi tok innspela på alvor. Klokka 14:00 sette vi oss og spiste julegraut, så pynta vi oss (nokon veldig, andre berre litt, alt etter eigne ønskje), gjekk rundt treet (brei semje, valde ein song kvar) og opna pakkar. Den skikkelege julemiddagen tok vi i sekstida, då den verste spenniga hadde lagt seg. Då hadde alle ro på seg til å få spist. Nokon blei veldig positivt overaska, hadde gløymt at julematen var så god. Positivt: Verken foreldre (som trass alt sto på for å få alt klart) eller barn (som var frykteleg spente) sov særleg siste natta. Dermed var det greitt å få feiringa unna, før perlehumøret tok slutt. Og ungane spiste som sagt bra. Bittelitt negativt: Klokka fem kom nokon på at det var no alle andre fekk gåvene sine. Kjapp nedtur (‘og nå er HELE julen ødelagt’), men heldigvis veldig midlertidig.
Vi avtalte på førehand å investere i vedlikehald. Ved å ta ei ykt morgon og ei ykt kveld klarte vi i store trekk å halde det måteleg juleryddig. Her gjorde det stor forskjell at ungane var blitt store og fornuftige! Veldig, veldig deilig.
For mitt vedkomande blei noko nær meditativ tilstand oppnådd gjennom å legge bort mobil/logge av sosiale media, unngå nyhende, bla gjennom Frå tare til topp (mange nydelege og velkjende motiv), lese ferdig romanen eg heldt på med (Montecore), lese julehefte, lese innlegg for innlegg på Heimflyttarbloggen, sprette ein ‘ny’ (innkjøpt for månader sidan, men ikkje opna før no) roman (Vargtid, her omtalt hjå Eva), strikke, sove lenge (takk, barn, som sov til etter ni kvar dag), trekke krydderte….Nei, det fast ikkje store, ubrotne flater med tid. Men store nok, mange nok, ofte nok til at skuldrane sokk eit hakk ned for kvar dag.
Tildlegare år har vi gjort andre tilpassingar. Med AS kan førjulsspenninga bli i største laget. Mange gonger har vi derfor opna store og litt for spennande gåver nokre dagar før jul, vi har fortalt kva som er i pakkane, eller vi har fordelt pakkar over veslejulaftan og julaftan. I år var dette ikkje nødvendig. Tilbodet var der, om å vite kva som var i største pakken. Men spenning kan vere både gale og deilig. I år var spenninga positiv. Kjekt for alle.
PS: Etter å ha lese meg gjennom Heimflyttarbloggen, kjende eg at eg veldig gjerne ville kjøpe novellesamlinga Trampolineland. Det passar veldig bra inn i det meste, no, å lese noveller med titlar som Forskningsfri og puliseringsplikt. Men blei veldig snurt over å ikkje finne android-versjon av Kortlest-appen til Gyldendal, . Derfor har eg tenkt å surmule over det nokre dagar, medan eg likevel les Syngja (som eg fekk, trykt, til jul). Lenger kunne eg ikkej strekke Zen-tilstanden. Så kjem eg vel motvillig, men uunngåeleg til å laste den ned på husbonden sin iPad
Recent Comments